line starheimsaeter line starheimsaeter

November

Hausten går snart over i vinter, og eg prøver samle trådane før jule-hjerna tek over. Sidan august har eg spelt Liv i mor i Oslo og Ålesund. Eg har klovna i Oslo, Bærum, Sarpsborg, Arendal, Kristiansand, Elverum, Ålesund, Drammen og Lørenskog. Eg har tatt buss og tog og bil og sykla mange mil. Vintersykling er kult, men ikkje på klesstilen. Ein dag fekk Melanie og turnébilen og eg ein omveg om Gålå for å ete fårikål på primus. Eit vellykka eksempel på å “ta det som ein tur” når ting ikkje går som planlagt. Uttrykket er forresten overførbart til det meste som tek lengre tid eller er meir komplisert enn ein trudde, eller som ein ikkje kan garantere utfallet for. Slike ting som livet, og ikkje minst kunsten.

Les mer
line starheimsaeter line starheimsaeter

Liv i mor på Oslo Fringe

Søndag 8.august speler Melanie Dahl og eg Liv i mor på Oslo Fringe, ei sanseleg, morosam og poetisk forestilling om livets første mirakel for barn i alderen 3-6 år. Melanie Dahl hadde idéen til forestillinga, Nelly Winterhalder har skrive manus og hatt regi. Mie Dinesen har designa scenografi og kostymer, og Knut Sævik utvikla lydbildet. Forestillinga er støtta av Dramatikkens Hus, og utvikla og produsert hos Unge Viken Teater.

Oslo Fringe Festival er en teaterfestival som samler byens mange frigrupper. Her kan du oppleve byens frie scenekunstnere og deres egenproduserte forestillinger innenfor et vidt spekter av sjanger og uttrykk.

Du kan sjå Liv i mor i Gamle Norges Bank på Sentralen kl.13 og 15. Gratis inngang. Velkomen!

Les mer