Vår på Mallorca

Tidleg denne våren fekk eg gleda av å reise til Mallorca for å filme “Dos Minutos” - ein ny reklamefilm for Power Office. I reklama har sjefen endeleg reist på ferie, kun for å oppdage at ho likevel stadig blir avbrote av dei tilsettes stadige spørsmål om ho har “to minutt”.

Produksjonen var eit samarbeid mellom det norske produksjonsselskapet Morgenstern og lokal reklamefilmindustri. Eg koste meg med hardt arbeid i vakre omgivnader, og god mat og godt selskap i pausene. Du finn reklamefilmen på Youtube:

https://www.youtube.com/watch?v=Ke3s9Ks1oJg

Neste
Neste

November