Skriften på speilet - Demokratiske drømmer

Demokratiske drømmer er eit fleirårig politisk satire-prosjekt, initiert og leda av manusforfatter Tormod Fuglestad (Skriften på speilet). Prosjektet starta i 2021, da Fuglestad, i anledning stortingsvalet, satte seg fore å skrive ut elleve totalitære visjonar for scena, - ein for kvart parti på Stortinget. Korleis ville Norge sett ut om partiet __ bestemte alt? Resultatet blei elleve satiriske kabaretar, som besto av sangar, dansenummer, monologar og scener. I prosjektet medverka i sju skodespelarar og fire musikarar som saman skapte ei svært tøysete og inkluderande ramme for maktkritikk. 

I 2023 satte Fuglestad og ensemblet opp Det siste møtet, som tok for seg nachspielet blant dei folkevalgte i Oslo i timane før kommunevalgresultatet var klart. Eg medverka ikkje den gangen, men eg skal vere med i det tredje prosjektet, som skal ha premiere sommaren 2025.

Foto: Frida Sverdrup

Forrige
Forrige

Rogaland Teater

Neste
Neste

Teatret Vårt